Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Eksamen > Dokumentmalar

Dokumentmalar

På eksamen, og nokre av heildagsprøvene skal det nyttast ein spesifikk mal på dokumentet som skal leverast.

Dei malane finn du i kolonna til venstre her.

Om det er problem med malen under prøva, kan ei prøvevakt ta kontakt med IT-avdelinga.

Vi tilrår at malen vert nytta heilt frå starten av prøva. Dette gjer at du slepp å overføre arbeidet til mal-dokumentet når du skal levere inn prøva, og vil spare deg for ein del tid og oppryddingsarbeid.

Hugs å lagre dokumentet ditt ofte! Det er vanskeleg å hente fram igjen ulagra dokument dersom noko skjer med maskina di. I nokre tilfelle kan det ulagra dokumentet være borte for alltid og du må skrive det på nytt.

For eksamen:

  • Når du lagrer dokumentet, bruk kandidatnummeret ditt som filnamn.
  • Hugs å ikkje skrive namnet ditt nokon stad i dokumentet eller i filnamnet, bruk kun kandidatnummeret.
Innleveringsformat

Alle filer som skal leverast må bruke eit godkjent filformat. For kontor-/skriveprogram er det krav om at filene er lagra i Microsoft Office– eller OpenDocument-formatet. For andre program må fila kunne lesast av programmet (og programversjonen) som vert brukt i undervisninga.

Innlevering: Papir

Ved papirinnlevering er det viktig å passe på at mal-fila er nytta, og at informasjonsboksene er fylt ut. Når du skal hente ei utskrift, må du ta kontakt med ei vakt, som då vil følgje deg til skrivaren. Husk å logge ut av skrivaren etter du har henta dokumentet.

Innlevering: Digitalt

Om det er digital innlevering, skal innleveringa kun skje på godkjende innleveringssystem. Adressa til denne blir opplyst ved prøvestart. Du kan normalt levere prøvesvaret ditt når som helst innanfor tidene som er opplyst om ved prøvestart.

Ved problem eller særskilde behov, må prøvevakta ta kontakt med IT-avdelinga.