Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Eksamen > Elev

Elev

Er du elev og har rett til ny, utsett eller særskilt eksamen, skal du melde deg til den skulen du var elev ved då du hadde faget.

Dersom du treng meir informasjon rundt eleveksamen, ta kontakt med eksamensansvarleg på skulen din.

Eksamensdatoar finn du til ei kvar tid her.

Kven har rett til ny, utsett og særskilt eksamen?

  • Elevar som får karakteren 1-ein til eksamen har rett til ny eksamen (§ 3-34 i forskrift til opplæringslova).
  • Elevar som får karakteren 1-ein i standpunktkarakter har rett til særskilt eksamen, dersom eleven ikkje er trekt ut til eksamen i faget (§3-33 i forskrift til opplæringslova).
  • Elevar som har dokumentert gyldig fråvær ved ordinær eksamen, har rett til utsett prøve (§ 3-35 i forskrift til opplæringslova).

Dersom eleven ikkje går opp til første mulege eksamen, misser eleven retten til ny/utsett/særskilt eksamen og må melde seg opp som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekking av fag gjerast på nytt. Det vil seie at dersom eleven vart trekt ut i til dømes fysikk, så kan det vere at eleven blir trekt ut i matematikk på den utsette eksamenen.