Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Eksamen > Privatist

Privatist

Privatist

Alle eksamenskandidatane skal ha gjort seg kjent med reglar for eksamen før eksamensdagen.

Du finn til ei kvar tid ei oversikt over eksamensdatoar (både sentralgitte og lokalgitte) her.

Kva er ein privatist?

Ein privatist er ein som melder seg opp til eksamen utan å vere elev i faget. NB! Det er ikkje muleg å melde seg opp som privatist i eit fag dersom ein samtidig er elev i faget. Dette gjeld òg for vaksne med vaksenrett.

All oppmelding skal skje på www.privatistweb.no

Oppmeldingsperioder og frist for oppmelding

Hausteksamen: Frå 15. august til 15. september, kl. 23.59

Våreksamen: Fra 1. januar til 1. februar, kl. 23.59

Om du ikkje har meldt deg opp og betalt innan fristen, må du vente til neste eksamensperiode.

Tidspunkt for eksamen

Eksamen for privatistar blir arrangert to gongar i året:

  • Hausteksamen: November - Desember
  • Våreksamen: Mai - Juni.

Eksamensdato for sentralgitte fag finn du på Udir.

Eksamensdato for lokale skriftlege og munnlege eksamener kan bli fastsett etter at oppmeldingsfristen er ute.Vi gjer merksam på at det ikkje er muleg å få endre dato for eksamen.