Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Elevråd

Elevrådet er elevane sitt høgaste organ på skulen.

Tillitselev m/varamann blir valt for eit år av gongen, og har som oppgave å representere si klasse ved elevrådsmøta.

Elevrådet skal ta seg av oppgåver i samband med elevene sitt arbeidsforhold og hjelpe til med å skape gode forhold og trivsel i skulen.

Elevrådet drøftar og gir tilråding i saker som elevar og rektor gir dei. Elevrådet kan sjølv ta opp og legge fram for rektor saker som dei meinar er av interesse for elevane.

I elevrådet blir det òg valt eit styre på omlag 5 personar. Dette styret står i spissen for elevrådet og har ansvar for å halde møte og informere elevar og leiinga om sakene deira. Dei pliktar seg òg til å stille opp på møte med leiinga nokre gongar i året. Å sitje i elevrådsstyret er litt meir arbeid, men det gir ei veldig god erfaring.

Har du saker til elevrådet? Send ein mail der du ytrar dine meiningar!
Elevråd-mail

Her finn du ei oversikt over dei elevane som sit i elevrådet frå dei forskjellige klassene.