Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kantina vår

Kantina er open frå 08.30 til 15.00.
Der er plass til ca 200 personar.

kopp

Bak disken i kantina finn du blant anna Torill Ringstad og Anne-Mari Hauge. Framfor disken i kantina finn du ein gjeng med svoltne elevar og lærarar som nyt godt av tilbodet der..

Her får du kjøpe kaffi, mjølk, kakao, brus, is, yoghurt, rundstykke, kanel-i-svingane og varme vaflar.

Kantina har mikrobølgje-omn der du sjølv kan varme maten.

Dette burde det vere heilt unødvendig å seie, men:

  • Når du kjøper noko i kantina eller et maten din der, skal du rydde etter deg.
  • Alt rusk skal i bosskorgene.
  • Koppar, flasker o.l. skal fram på disken eller til borda ved utgangane.

Rydd difor etter deg, og bli med på skape eit godt miljø i kantina.