Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Elevar og føresette > Skulestart 2018-2019 > Eksamen med oppmelding på privatistweb.no

Eksamen med oppmelding på privatistweb.no

EKSAMEN i den vidaregåande skulen for

  •  Privatistar, lærlingar
  •  Elevar/lærlingar som har rett til ny, utsett og særskild eksamen
  •  Teoriprøva for praksiskandidatar og avviksfag Vg3

All oppmelding til privatisteksamen er no web-basert og skal skje på:

https://www.privatistweb.no

Det er mogleg å melde seg opp til eksamen to gonger i året, siste frist er 15.september for hausteksamen og  1.februar for våreksamen.

Prøveavgifta er kr 1084,- for førstegongsprøve og kr 2170,- for forbetringsprøve.

Informasjon om oppmelding ligg på nettet under www.privatistweb.no og http://mrfylke.no/ Her ligg også informasjon om korleis ein betaler for prøveavgift og kven som ikkje skal betale.

Du finn mykje informasjon om eksamen på privatistweb.no sine sider.

Det er 9 vidaregåande skolar i Møre og Romsdal som gjennomfører eksamen for privatistar.

OPPMELDINGSFRISTAR PRIVATISTWEB
Frist for oppmelding til våreksamen er 1. februar, kl.23:59.
For hausteksamen er frist for oppmelding 15. september, kl. 23:59.
All oppmelding skal skje elektronisk via www.privatistweb.no

Det er viktig at du les informasjonen på privatistweb før du melder deg opp.

Skulane vil hjelpe deg med informasjon ut over det du finn på privatistweb.

Vi gjer merksam på at eksamen kan bli avvikla ved ein anna skule enn den du set opp som ditt ønske.