Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Elevar og føresette > Skulestart 2018-2019 > Klasseinndeling og moglegheita for å ønske seg ein ven

Klasseinndeling og moglegheita for å ønske seg ein ven

Klasseinndeling - prinsipp

Ulstein vgs fyl desse prinsippa ved klassedeling:

  • Kjønn, så jamn fordeling som mogleg
  • Geografi, så jamn fordeling som mogleg, vi prøver å blande elevar frå ulike bygder
  • Inntakspoeng, mest mogleg like klasser i høve fagleg nivå
  • Samling av ressursar
  • Vi prøver å unngå nære slektsrelasjonar mellom elev og lærar viss dette er mogleg å få til
  • Rapportar/meldingar frå ulike instansar som PPT, helsevesen, rådgjevarar og andre
  • Etter gode resultat i fjor, viderefører vi tilbodet vårt om at elevane får kome med ønske om ein eller to medelev/ar dei ønskjer å gå i klasse med. Så langt som mogleg vil vi prøve å ta omsyn til desse ønska når vi deler inn klassene. Desse ønska kan ikkje gå på tvers av punktet over.

Ønsk-ein-ven-skjemaet finn du her.

Etter at skulen har starta er det i utgangspunktet ikkje rom for klassebytte.

Skulen må ha fått alle aktuelle innspel i høve klasseinndelinga innan 3. august.

Generelt minner vi om at elevane i Møre og Romsdal fylke har takka ja til ein skuleplass innanfor det utdanningsprogrammet og den skulen dei har fått tilbod om. I dette ligg det ingen garanti om kva klasse ein skal gå i og kven ein får som medelevar.