Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Elevar og føresette > Skulestart 2018-2019 > Kort orientering om skulen

Kort orientering om skulen

KORT ORIENTERING OM SKULEN

 

 

SKULEBYGG

Skulen ligg i Høddvollområdet, næraste nabo til Nye Høddvoll stadion. Skulen har undervisninga si i skulen sitt bygg og i den nye Ulsteinhallen, som er bygd saman med Ulstein vgs. Idrett og kroppsøving har undervisning i Ulsteinhallen, i Ulsmohallen og på Høddvoll stadion.

 

KLASSETAL/ELEVTAL

Skulen skal for skuleåret 2018-2019 ha 9 klasser i utdanningsprogrammet Studiespesialisering, 2 klasser i Påbygg til generell studiekompetanse, 6 klasser Idrettsfag, 3 klasser Elektrofag, 1 klasse med Fagopplæring i skule, 3 klasser Service og samferdsel/IKT Servicefag, 3 klasser TAF og 1 Tilrettelagt klasse. Dette vert ein stad mellom 500-550 elevar.

 

SKULEDAGEN

Skuledagen er frå kl.08:20 til kl.15:15. Timeplanen er lagt over 5 dagar med 8 timar per dag, men i gjennomsnitt har dei fleste elevane 6 eller 7 timar kvar dag. Det kan såleis bli studietimar innimellom. Tysdag og torsdag er det Midttime i tilknyting til matpausa. Då er det i utgangspunktet undervisningsfri for alle elevane. Elevane har minst eitt møte med kontaktlæraren sin per veke.

 

KONTAKTLÆRAR

Alle elevar får tildelt ein kontaktlærar. Det er denne læraren eleven skal halde nærast kontakt med, spesielt når det gjeld sjukdom/fråvær og anna informasjon. Kontaktlæraren skal ha faste møte og elevsamtalar med alle elevane i basisgruppa/klassa si.

 

RÅDGJEVING

Skulen har 3 rådgjevarar med faste møtetider. Sjå oppslag ved skulestart. Skulen har også tilbod om helsesøster og PPT-kontakt. Dei er tilgjengelege på skulen gitte dagar. Info om dette kjem ved skulestart. Når det gjeld råd i samband med fagval er også leiinga tilgjengeleg.

 

STATENS LÅNEKASSE

Elevar kan søkje lån og stipend i Statens Lånekasse. Alle elevar har rett til utstyrsstipend. For å søkje må du anten ha takka ja til skuleplassen på www.vigo.no og kan nytte vigo-sidene til å logge deg inn, eller du kan søkje direkte via www.lanekassen.no. Bruk MinID-kodane du har fått tilsendt frå Skatteetaten. Sjå også www.lanekassen.no for meir detaljinformasjon.

 

EKSPEDISJONEN/KONTORET

Ekspedisjonen/kontoret er ope mellom 08:15-15:30 og er i 2.høgda i den delen av skulen som er nærast Ulsteinhallen. Leiinga har kontora sine i same området.

 

BIBLIOTEK

Skulen sitt bibliotek ligg i 2.høgda og er samlokalisert med Landskapet. På biblioteket finn du skjønnlitteratur, faglitteratur, aviser og tidsskrift. Alle elevane får sitt private lånekort som etter kvart skal kunne nyttast på alle bibliotek i landet. Det er på biblioteket du får låne skulebøkene du skal ha til skuleåret. Biblioteket er bemanna kvar dag.

 

 

KANTINE

Skulen si kantine er godt besøkt og har eit godt tilbod av brødmat, varmrettar, salat, frukt, drikke m.m. Kantina ligg i 1.høgda til høgre for hovudinngangen og i tilknyting til Atriet

 

REINHALD OG VAKTMEISTERTENESTE

Skulen vert vedlikehalden av 4 reinhaldarar og 1 teknisk driftsleiar. Dei arbeider på dagtid og er ein viktig del av miljøet på skulen. Reinhaldspersonalet si oppgåve er å vaske skulen. Elevar og tilsette har i oppgåve å rydde etter seg, og saman må alle partar gjere sitt beste for å skape eit godt fysikk arbeidsmiljø med god orden og reinsemd.

 

REGLEMENT

Dei vidaregåande skulane i fylket har eit felles reglement, der elevane sine rettar og plikter og nødvendige reglar for orden i skulesamfunnet er nedskrivne. Skulen har i tillegg klasseromsreglar, reglar for lån i biblioteket, reglar for føring av fråvær og IKT-reglar.

 

RØYKING/SNUS/RUS

Skulen og skuleområdet skal vere røyk-, snus- og rusfritt. For elevar vart det frå 1.juli 2014 ikkje lov å snuse eller røyke i skuletida, uansett om ein er på skulen sitt område eller ei. «Skuletida» er bestemt av ordensreglementet og omfattar ikkje fritid og fritimar der elevane oppheld seg utafor skulen sitt nærområdet.

 

LÆREBØKER/LÆREMIDDEL/PC

I den vidaregåande skulen er det innført ulike stipendordningar, også til innkjøp av PC. Vi føreset at alle elevane våre brukar PC som læremiddel. Alle elevar får elles låne lærebøker på skulen. Sjå heimesida vår, oppdatert informasjon vert lagt ut der.

 

IT-AVDELINGA

Dette skuleåret har skulen ein systemansvarleg og ein lærling i IKT-faget. IT-avdelinga har kontor rett bak Atriet. Sjå oppslag for opningstider. Alle elevane kan vende seg til lærlingen eller systemansvarleg for rettleiing i høve datautstyr og programvare.

 

PARKERING

Skulen har fire område for parkering. To av parkeringsområda er øyremerka tilsette. Alle som parkerer der må ha parkeringskort. Elevar kan i heilt særskilte tilfelle søkje om parkeringskort. Parkering for elevane er i hovudsak på parkeringsplassen aust for Høddvoll Panorama, den plassen som ligg framfor skulen. Denne disponerer skulen på dagtid i skuleåret.

 

SAMARBEID/LÆRING

Arbeidet i skulen er basert på eit nært samarbeid, tillit og respekt mellom elevane og dei som jobbar her. Eleven spelar hovudrolla og har hovudansvaret for eiga læring og utvikling, med dei tilsette som undervisarar, rettleiarar og hjelparar.

 

 

Vel møtt til eit nytt skuleår.

 

 

Ulstein vgs, juli 2018

Margaret Alme 

Rektor