Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

PC-ordninga

Kva går PC-ordninga ut på? Møre og Romsdal fylke tilbyr alle som er elevar ved vidaregåande skular å lease ein pc til dei er ferdig med vidaregåande. Ved endt skulegang og fullført innbetaling er PCen din. Undervegs i skuleløpet skal IT-avdelinga på skulen ha ansvar for service og anna hjelp ein måtte trenge til PCen.

Det er ein PC som er meint til skulebruk og litt til, det vil seie at den ikkje eignar seg til dei tyngste spela, men er meir enn god nok til vanleg bruk.

Vi vil på det sterkaste anbefale at dei som er elevar ved Elektro, TAF og dei som skal ha IT-fag å benytte seg av tilbodet, då programma dei skal nytte i undervisninga krev ein PC med Windows, og ein viss spesifikasjon.

Om du søkjer om utstyrstipend kvart år vil summen du får i minimumsutstyrsstipendet (p.t. 991kr) være lik eigenandelen du skal betale i året, så difor får du ein svært god PC eigentleg gratis!