Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Utstyrsstipend

Korleis var det med det utstyrsstipendet igjen?

Her får du repetert korleis det fungerer:

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.

Når kan eg søkje? Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.

Kvar kan eg søkje? Du kan logge inn på vigo.no og søkje derifrå når du seier ja takk til skoleplass. Du loggar inn med MinID. Du kan søkje frå lanekassen.no. Du loggar inn med MinID.

Korleis får eg pengane? Du sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no. Logg inn med MinID. Når søknaden er behandla, sender lånekassa vedtak og avtale om støtte direkte til din folkeregistrerte adresse eller postadresse (dersom du har lagt den inn på postadresse på Dine sider).

Vedtaka blir også lagt i postkassa på Dine sider, om du har samtykka til elektronisk kommunikasjon med Lånekassa. Er du 18 år kan du også signere avtalen om støtte elektronisk.

Er du under 18 år,  må også ein av foreldra / føresette skrive under på avtalen, som du sender tilbake til Lånekassa i posten.

Ingen får utbetalt pengar før skulen har starta.

Meir informasjon finn du under PC-ordninga. Sjå særleg informasjonsbrosjyren frå fylket.