Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Elevar og føresette > Skulestart 2018-2019 > Viktig informasjon om fråvær, permisjonar, kvalifisering for neste skuleår m.m.

Viktig informasjon om fråvær, permisjonar, kvalifisering for neste skuleår m.m.

Informasjon til elevar og føresette:

INFORMASJON OM NY FRÅVÆRSGRENSE I VIDAREGÅANDE SKULE

Frå 1. august 2016 er det innført fråværsgrense for elevar i vidaregåande skule. Grensa gjeld udokumentert fråvær i enkeltfag og målet er å motivere elevane til jamn innsats og hindre skulk.

Kort oppsummert fungerer fråværsgrensa slik:

  • Elevar i vidaregåande skule skal møte opp og delta aktivt i opplæringa
  • Fråværsgrensa gjeld fråvær i enkeltfag, ikkje eleven sitt totale fråvær.
  • Dersom ein elev har meir enn 10% udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho, som hovudregel, ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget. Læraren kan heller ikkje sette slik karakter.
  • Eleven må legge fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unntatt frå fråværsgrensa (sjå lenger nede i skrivet kva fråvær dette gjeld).
  • Dersom eleven har mellom 10% og 15% udokumentert fråvær og årsaka til fråværet gjer det klart urimelig at eleven ikkje får karakter, kan rektor bestemme at han eller ho likevel får karakter.
  • Eleven skal få eit varsel om han eller ho står i fare for ikkje å få karakter på grunn av fråvær.

Fråvær som kan verte unntatt frå fråværsgrensa:

Elevar kan likevel få halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter dersom han/ho kan dokumentere at fråværet utover 10% kjem av: helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalgt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte, representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå (t.d. idrett) og religiøse høgtider for elevar som er medlem av andre trussamfunn enn Den norske kyrkje (inntil to dagar).

Gyldig dokumentasjon er t.d. stadfesting/erklæring frå: lækjar, tannlækjar eller politisk organisasjon.

Skulen oppmodar elevane om å legge fram dokumentasjon på denne type fråvær fortløpande og før ein har nådd 10%-grensa. Dersom det er mogleg skal eleven dokumentere fråværet på førehand.

I denne lenkja finn du ei skjematisk oversikt over fråvær, 10%, dokumentasjon m/meir.

Ynskjer de meir informasjon om dei nye fråværsreglane kan de lese rundskriv Udir-3-2016 her: http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Vitnemal/fravarsgrense---udir-3-2016/. Her vil de og finne ei utdjuping av skillet mellom fråværsgrensa og reglane for føring av fråvær på vitnemålet.

PERMISJONAR

Skulen gjev ikkje permisjon for elevar som skal reise på ferie. Ferieturar bør leggast i skulen sine feriar. Evt fråvær grunna reiser vert handsama likt med anna fråvær.

 

KVALIFISERING FOR 2.ÅR OG 3.ÅR

Bestått i alle fag er vanlegvis føresetnaden for å vere kvalifisert for påfølgjande opplæringsår. Elevar som får melding om fare for ikkje å få karakter i eit fag, står også i fare for ikkje å vere kvalifisert for oppflytting neste skuleår. Elevar som manglar karakter eller får strykkarakter i eit eller fleire fag, er i utgangspunktet ikkje kvalifisert for oppflytting til neste skuleår. Elevar som er sjuke og som får stort fråvær av den grunn, må ta dette opp med kontaktlærar.

 

FRITAK I FAG

Eleven må sende skriftleg søknad til skulen for å få fritak i fag. Berre elevar som frå tidlegare har bestått i faget/faga på same nivå eller høgare, kan få fritak. Eleven må følgje undervisninga i faget til søknaden er handsama. Fritak frå fag fører til redusert utbetaling av stipend.

 

ELEVAR SOM SLUTTAR I FAG

Dersom ein elev ønskjer å slutte i eit fag skal avd.leiar Bård Ringstad kontaktast. Ein elev kan ikkje slutte i eit fag utan ein samtale med Bård Ringstad i førekant. Det er kompliserte og detaljerte reglar som gjeld for fagval/fagsamansetjing i vidaregåande opplæring. Skulen kan ikkje ta ansvar for at eleven kjem ut med korrekt dokumentasjon dersom eleven sluttar i fag utan å ha hatt ein samtale i førekant.

 

KARAKTERAR

Terminkarakterar og standpunktkarakterar vert levert ut til elevane via skulen sitt elektroniske vurderingssystem SkoleArena. Dersom føresette til elevar under 18 år ønskjer å få karakterane tilsende, kan dei be om det. Kontakt i så fall skulen.

Føresette til elevar under 18 år har sjølvstendig klagerett. Viser til kap.5 i forskrifta til Opplæringslova.

 

«KLASSENS TIME»

Alle klassene har ein time per veke med kontaktlærar der ein går gjennom fråvær, tek opp aktuelle saker til drøfting, gjev informasjon etc. Denne timen er timeplanlagt og oppmøte er obligatorisk. Det vert ført fråvær.

 

-----------------

 

Informasjon om eksamen, eksamenstrekk og klage vert lagt ut på Fronter til informasjon for alle elevane når eksamenstida nærmar seg.