Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Skuleskyss

Som elev i vgs kan du ha rett til fri skuleskyss til og frå skulen. For å ha skyssrett må avstanden vere 6 km mellom skulen og der du bur (bustad eller hybel). Du søker sjølv om skyss gjennom skoleskyssportalen.

Søk om skuleskyss når du takkar ja til skuleplass.

Du må søkje om skuleskyss kvart år.

Skuleskysskortet

Elevar som er innvilga skuleskyss for første gang, vil få utlevert skuleskysskortet på skulen. Du må ta godt vare på skuleskysskortet, dette skal brukast alle åra du har rett til fri skuleskyss, både i grunnskule og i vidaregåande skule. Kontakt skulen om du mister kortet.

Her finn du Fylkeskommunen sin nettside med meir informasjon om skoleskyss. 

Dessutan har Udir utarbeidd nokre fine nettsider som kan vere til god hjelp. Den eine går på retten til skuleskyss og den finn du her. Den andre nettsida er ei meir generell oversikt, som du finn her.