Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Elevar og føresette > Skulestart 2020-2021 > Matematikk - val av kurs VG1 (enten ST eller ID) > Til elevar og føresette i 1ID (utdanningsprogram for idrettsfag) skuleåret 2020/2021

Til elevar og føresette i 1ID (utdanningsprogram for idrettsfag) skuleåret 2020/2021

Til elevar på Vg1 idrettsfag hausten 2020                                                      Ulsteinvik, juli 2020

 

Informasjon om val av matematikkfag:

Det vert undervist i to ulike matematikkurs på VG1. Begge kursa er på 5 timar kvar veke gjennom heile året og begge er avsluttande etter VG1, det vil seie at karakteren kjem på vitnemålet.

Matematikk 1T (T står for Teoretisk retta)er tenkt for deg som er spesielt interessert i faget og meiner at arbeidet går fint, eller veit at du får bruk for matematikk i vidare studie. Med 1T kan du gå vidare med matematikkurset S1 (matematikk for samfunnsfag) det neste året her hos oss, eller du kan velje 2P (sjå lenger nede i skrivet).

Matematikk 1P (P står for praktisk retta) er mindre teoretisk, og mange vil nok sjå på det som eit enklare kurs enn 1T. Dersom du tek 1P må du ta faget 2P på VG2. Dette gir «generell studiekompetanse» som betyr at du kan søkje på alle studie som ikkje har særskilde krav til matematikk.

Dersom du vil vite meir om kva som er det faglege innhaldet i dei ulike kursa finn du læreplanane på: www.udir.no , sjå «Finn læreplan».

Dersom du lurer på kva krav til matematikk ulike studie stiller, eller kva fag som gir ekstra studiepoeng, kan du finne ut meir om dette på www.samordnaopptak.no

Gje melding om kva matematikkfag du vil ha på nettsida: skolestart.mrfylke.no

 

 

Karen Topphol

Avdelingsleiar realfag