Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Elevar og føresette > Skulestart 2020-2021 > Matematikk - val av kurs VG1 (enten ST eller ID) > Til elevar og føresette i 1ST (utdanningsprogram for studiespesialisering) skuleåret 2020/2021

Til elevar og føresette i 1ST (utdanningsprogram for studiespesialisering) skuleåret 2020/2021

Til elevar på Vg1 studiespesialiserande hausten 2020                                              Ulsteinvik, juli 2020

 

Informasjon om val av matematikkfag:

Det vert undervist i to ulike matematikkurs på Vg1. Begge kursa er på 5 timar kvar veke gjennom heile året og begge er avsluttande etter Vg1, det vil seie at karakteren kjem på vitnemålet.

Matematikk 1T (T står for Teoretisk retta) er tenkt for deg som er spesielt interessert i faget og meiner at arbeidet går fint, eller veit at du får bruk for mykje matematikk i vidare studie. Med 1T kan du gå vidare med matematikkursa R1 og R2 (matematikk for realfag) dei to neste åra her hos oss. Du kan også velje S1 og S2 (matematikk for samfunnsfag) eller 2P (sjå meir info om P-faget lenger nede i skrivet)

Matematikk 1P (P står for praktisk retta) er mindre teoretisk, og mange vil nok sjå på det som eit enklare kurs enn 1T. Med 1P kan du velje å gå S1 og S2 dei neste to åra.

Dei som ikkje ynskjer å velje nokon av faga S1, S2, R1, R2 må ta faget 2P på VG2. Dette gir deg kompetanse til å kunne søkje på alle studie som ikkje har særskilde krav til matematikk.

Enkelte vidare studie kan stille krav til at ein har R1/R2 eller S1/S2. Dersom du lurer på kva krav dei ulike studia stiller, eller kva fag som gir ekstra studiepoeng, kan du finne ut meir om dette på www.samordnaopptak.no

Dersom du vil vite meir om kva som er det faglege innhaldet i dei ulike kursa finn du læreplanane på: www.udir.no , sjå «Finn læreplan».

 

Gje melding om kva matematikkfag du vil ha på: skolestart.mrfylke.no

 

 

Karen Topphol

Avdelingsleiar realfag