Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Er du føresett til ein elev på VG1 her på skulen?

Då vil vi gjerne at du snakkar med dei om nettvett og personvern. Spør dei kva blikking er for noko. Snakk med dei om bodyshaming. Be dei vise respekt mot andre, sjølv om dei ikkje er bestisar.

Vi har snakka med alle VG1-klassene om det, du kjem til å få epost med litt meir info i løpet av kort tid. Du finn powerpoint-presentasjonen vi viste dei her.

Les meir

Volleyball og fotball, ja

Ulstein vgs har hatt elevlag i både volleyball- og fotballturneringar siste par vekene.

Du finn bilde på facebooksida vår frå volleyball her og frå fotball her.

Les meir

Nye studietilbod-foldarar

Sidan vi skal starte opp eit nytt tilbod her frå hausten av, har Sveinar laga nokre nye foldarar.

10.klassingane fekk dei då dei var her på hospitering og no får du også tilgang til dei!

Les meir

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2018-19

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår.

Les meir

UVS er klar!

Vi er klar for å ta imot 10.klassingane som skal hospitere her hos oss komande veke!

Det er nesten slik at vi ikkje greier vente, lat no mandagen kome :)

Les meir

Abel-konkurransen nærmar seg

No er det tid for å teste matematikk-kunnskapane dine dersom du er vgs-elev!

Den årlege Abel-konkurransen går av stabelen straks, og på UVS vil del 1 av konkurransen vere torsdag 08.11 kl.11.

Nytt av året er at den er digitalisert, så vil du vere med, må du hugse PCen!

Les meir

Kontaktmøte for Vg1 og Vg2

Veke 45 (05.-09.11) og 46 (12.-16.11) er sett av til kontaktmøte på Vg1 og Vg2. 

Kontaktlærarane kjem til å sende ut brev/epost i god tid!

Vi oppfordrar alle føresette om å møte og ta seg tid til å ha ein god samtale i lag med kontaktlærar og elev. Dersom dagane ikkje passar, ta kontakt med kontaktlærar, så ordnar det seg sikkert på eit vis.

Nærare informasjon kjem over haustferien.

Les meir

Operasjon Kenya og Malaika-prosjektet nærmar seg

Akkurat no, i skrivande stund, er elevane Ida Margrete, Mari og lærar Sveinar i Kenya. Dei er der for å sjå med eigne auge korleis NSP-Aid driv fram prosjekta sine, blant anna Malaika-prosjektet som blant anna Ulstein vgs skal vere med på.

Når dei er heimattekomne, skal dei fortelje oss andre om kva dei har opplevd, slik at det å finne seg jobb den 26.oktober og få inn minst 400 kr per elev går av seg sjølv.

Les meir

Presentasjonen frå informasjonsmøtet, Vg2

finn du faktisk her, så viss du ikkje hadde høve til å vere der...

Les meir