Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Er du ny elev ved UVS eller er du mamma, pappa, bestefar, fostermor til ein ny elev her på skulen?

Då vil du kanskje ha enkel tilgang til brevet som kom i posten for litt sidan?

Der vil du også få tilgang til eit par viktige nettstadar (skolestart.mrfylke.no og ulstein.vgs.no)

Brevet i si heilheit finn du her.

Les meir

Førsteopptaket er over og elevane

får ein sms i løpet av veke 28. Det vil seie i løpet av komande veke!

Det blir spanande både for dykk og for oss! Vi gler oss til å sjå kven dei nye UVS-elevane er. Og dersom de lurte: Vi som jobbar på UVS har også nokre sommarfuglar i magen når det begynner nærme seg oppstart!

Les meir

Skal du søke høgare utdanning til hausten?

Sunnmørsposten har frå i dag og fram til onsdag eit live-senter om studiar i Ålesund og Volda. Her kan lesarane sende inn spørsmål om studium, søknadsprosessen, studentlivet, studentbolig eller liknande – og få svar fra studierettleiarar og representantar for NTNU i Ålesund og Høgskulen i Volda. I panelet sit også studentleiarar og representantar for studentsamskipnadane.

Her er sjølve linken til live-senteret.

Les meir

VIP-programmet - nytt på Ulstein vgs

I år starta vi opp VIP-programmet.

VIP? Very Important Person? Ja, det også! Men i denne samanhengen står det for "Veiledning og informasjon om psykisk helse i skolen".

Det er eit skuleprogram som er finansiert av Helsedirektoratet og eigd av Vestre Viken HF.

Om lag 130 vidaregåande skular over heile landet køyrer dette opplegget kvart år og i vinter var det altså UVS sin tur.

Les meir

Vi minner om informasjonsmøtet 17.01

Er du 10.klassing eller føresett til ein 10.klassing? Då vil vi ynskje deg/dykk hjartans velkomne til informasjonsmøte på landskapet 17.01. kl.18.30-20.00.

Les meir

Vigo er no offisielt opna!

vigo.no er opna og er ope til 01.03.17. Så viss du er 10.klassing eller elev på VG1 og VG må du hugse å søkje på vidaregåande opplæring, 

Les meir

Ressurssenteret informerer om at:

-Siste undervisningsdag før jul er tysdag 20.desember

-Første undervisningsdag på nyåret er mandag 2.januar

 

-Nytt kurs i historie startar tysdag 3.januar kl 17.00

Les meir

Vi ynskjer alle 10.klassingar hjartans velkomne

Denne veka er det hospitering her hos oss. Det er litt ulikt kor mange dagar vi har hospitantar inne i klassene, men alle studieretningane har besøk iallfall til og med onsdag.

Vi håper de finn dykk til rette her hos oss, vi som er her trivest iallfall!

Les meir

Markering av Verdensdagen for psykisk helse

I morgon, tirsdag 18.10, vil helsesøstrene Hanna og Kari-Janne markere Verdensdagen for psykisk helse i atriet.

Dei kjem til å stå på stand, der du kan få informasjon, stille spørsmål, avtale samtaletid, vere med på ein quiz og vinne ein premie.

Ei viktig markering!

Les meir