Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Markering av Verdensdagen for psykisk helse

I morgon, tirsdag 18.10, vil helsesøstrene Hanna og Kari-Janne markere Verdensdagen for psykisk helse i atriet.

Dei kjem til å stå på stand, der du kan få informasjon, stille spørsmål, avtale samtaletid, vere med på ein quiz og vinne ein premie.

Ei viktig markering!

Les meir

UVS + Erasmus+ = sant

UVS har i ein god del år no vore med i EU-prosjekt. I haust, som i vår, er prosjektet "EUvelopment - modern media crossing borders".

Av og til reiser vi ut til andre land, av og til får vi besøk frå andre land

Du finn meir informasjon om prosjektet her.

Les meir

Nytt elevråd

Det nye elevrådet er klart, du finn oversikta her.

Les meir

Rom 203 + midttime + tirsdag + torsdag + mattehjelp = meir fornøgde elevar

Kvar midttime framover vil der vere matematikklærar og R2/S2-elevar på rom 203 som kan hjelpe deg dersom du er elev i 1T, 1P, 2P eller 2PY.

Det er ikkje forpliktande, det vil seie at du møter når du sjølv føler du treng det.

Det er eit utruleg godt tilbod, om vi så skal seie det sjølv, så gjer vel å bruke det.

Vi trur ikkje du kjem til å angre, heller tvert i mot!

 

Les meir

Presentasjonane frå infomøta

denne hausten finn du her.

Les meir

Udir har kome med ein epistel med spørsmål og svar knytt til fråværsreglane

Den finn du faktisk her, viss lenkja fungerer slik vi håper.

Der er mange gode spørsmål og faktisk mange gode svar, så klikk deg inn og les :)

Les meir

I morgon, tirsdag, er det infomøte igjen

Men denne gongen er det VG2-føresette som skal få kome! Møt opp på landskapet kl.18.30 og få nyttig informasjon.

Les meir

Infomøte for VG1-føresette

Det blir infomøte for VG1-føresette no førstkomande onsdag kl.18.30 på Landskapet.

Vi gler oss til å møte dykk!

Les meir

Ressurssenteret held informasjonsmøte

Det er informasjonsmøte torsdag 25.august kl 18 på Auditoriet.Undervisninga startar i veke 35, dvs at første undervisningsdag er 29.august.Vel møtt! 

Les meir

Velkomne til eit nytt skuleår!

Kor kjekt at dagen endeleg er her!

Les meir