Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Oppstart av vaksenopplæringskursa

Kveldskursa på vaksenopplæringa startar opp att i dag, måndag 5.januar.

Eit nytt historie-kurs vert starta i morgon, 6.januar kl.19.15-21.00. Endeleg kursstart igjen!

Les meir

God jul og godt nyttår til alle!

Plutseleg er det berre nokre timar igjen til juleferie!

Tusen takk til både elevar og tilsette for eit godt halvår.

Vi møtest igjen mandag 5.januar 2015.

Les meir

God psykisk helse er viktig

Difor har vi hatt besøk av psykolog Nina C. Garshol ved eit par høve.

Les meir

Skulen har fått nytt telefonnummer!

Skulen har fått nytt telefonnummer, du kjem til sentralbordet ved å ringe:

71 28 10 00

Les meir

Vi vil også gratulere!

Vi vil også gratulere forskarparet Moser med Nobelprisen i medisin og fysiologi!

Les meir

Timeplan for kveldskurs for vaksne

Historiekurset startar opp i januar. Det vil gå på tirsdagar og vere frå kl.19.15 til kl.21.00. Alexander Paus er lærar.

Under finn du ei oversikt over når og kvar dei forskjellige VO-kursa går:

Les meir

Foreldremøte - presentasjonar

Her finn du presentasjonane frå foreldremøte 27.8. VG1

Og her finn du presentasjonen frå VG2-foreldremøtet 8.09

Les meir

Skulestart

Her finn du to brev med informasjon i høve skulestart:

Les meir

Utstyrsstipend

Hugs å søkje om utstyrsstipend!

Kva er utstyrsstipend?

Utstyrsstipend er støtte frå Lånekassen til utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel kalkulator, kokkeklede eller idrettsutstyr. Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Når vi behandlar søknaden din, vurderer vi samtidig om du kan ha rett til andre stipend.

Lærlingar har ikkje rett til utstyrsstipend, men kan ha rett til lån eller andre stipend.

 

Så mykje får du

-     Utstyrsstipendet er på mellom 946 kroner og 3 500 kroner for heile skoleåret, avhengig av kva utdanningsprogram du tek. Dersom du søkjer berre for eitt semester, får du halvparten av beløpet.

 

Slik søkjer du

-     Søk når du har fått skoleplass og har takka ja.

-     Bruk søknaden om stipend og lån til vidaregåande opplæring.

-     Sjekk statusen på søknaden din på Dine sider på lanekassen.no.

-     Du får e-post når søknaden er behandla.

Slik blir pengane utbetalte

-     Skriv under på avtalen om støtte og send den tilbake til oss i posten. Dersom du er over 18 år, kan du signere elektronisk med Bank ID eller Buypass direkte på Dine sider.

-     Pengane blir utbetalte først når lærestaden har stadfesta at du har møtt opp til undervisninga. Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får  registreringa frå skolen, til pengane er på kontoen. Hugs at du må stå som eigar av bankkontoen.

 

Viktig å søkje tidleg i år

Vi skiftar ut datasystema våre for å kunne tilby betre tenester. Somme kundar vil derfor kunne oppleve lang saksbehandlingstid i år. Søk derfor så tidleg som råd.  

 

Sjå lanekassen.no eller Facebook/vgs for meir informasjon.

Les meir

Viktig info til nye elevar

Viktig info til nye elevar

Fristen for å søke om PC-stipend og Fylkes-PC er utsett frå 4. juli til 21. juli. All registrering skjer på nett, også PC-stipend.
Logg inn via www.ungweb.no  for å gjennomføre registreringa di.

Les meir