Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Vi vil også gratulere!

Vi vil også gratulere forskarparet Moser med Nobelprisen i medisin og fysiologi!

Les meir

Timeplan for kveldskurs for vaksne

Historiekurset startar opp i januar. Det vil gå på tirsdagar og vere frå kl.19.15 til kl.21.00. Alexander Paus er lærar.

Under finn du ei oversikt over når og kvar dei forskjellige VO-kursa går:

Les meir

Foreldremøte - presentasjonar

Her finn du presentasjonane frå foreldremøte 27.8. VG1

Og her finn du presentasjonen frå VG2-foreldremøtet 8.09

Les meir

Skulestart

Her finn du to brev med informasjon i høve skulestart:

Les meir

Utstyrsstipend

Hugs å søkje om utstyrsstipend!

Kva er utstyrsstipend?

Utstyrsstipend er støtte frå Lånekassen til utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel kalkulator, kokkeklede eller idrettsutstyr. Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Når vi behandlar søknaden din, vurderer vi samtidig om du kan ha rett til andre stipend.

Lærlingar har ikkje rett til utstyrsstipend, men kan ha rett til lån eller andre stipend.

 

Så mykje får du

-     Utstyrsstipendet er på mellom 946 kroner og 3 500 kroner for heile skoleåret, avhengig av kva utdanningsprogram du tek. Dersom du søkjer berre for eitt semester, får du halvparten av beløpet.

 

Slik søkjer du

-     Søk når du har fått skoleplass og har takka ja.

-     Bruk søknaden om stipend og lån til vidaregåande opplæring.

-     Sjekk statusen på søknaden din på Dine sider på lanekassen.no.

-     Du får e-post når søknaden er behandla.

Slik blir pengane utbetalte

-     Skriv under på avtalen om støtte og send den tilbake til oss i posten. Dersom du er over 18 år, kan du signere elektronisk med Bank ID eller Buypass direkte på Dine sider.

-     Pengane blir utbetalte først når lærestaden har stadfesta at du har møtt opp til undervisninga. Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får  registreringa frå skolen, til pengane er på kontoen. Hugs at du må stå som eigar av bankkontoen.

 

Viktig å søkje tidleg i år

Vi skiftar ut datasystema våre for å kunne tilby betre tenester. Somme kundar vil derfor kunne oppleve lang saksbehandlingstid i år. Søk derfor så tidleg som råd.  

 

Sjå lanekassen.no eller Facebook/vgs for meir informasjon.

Les meir

Viktig info til nye elevar

Viktig info til nye elevar

Fristen for å søke om PC-stipend og Fylkes-PC er utsett frå 4. juli til 21. juli. All registrering skjer på nett, også PC-stipend.
Logg inn via www.ungweb.no  for å gjennomføre registreringa di.

Les meir

Utdanning.no

Her finn du lenke til ei viktig informasjonsside.

Les meir

Skal du søkje vaksenopplæring skuleåret 2014/2015?

Det er ingen spesiell søknadsfrist, men det er lurt å søkje så tidleg som råd i løpet av våren.

Sjå elles informasjon på heimesidene våre her

Les meir

Ny parkeringsplass

Frå måndag 24.februar er parkeringsarealet på framsida av skulen (austre enden av treningsfeltet) opna for bruk. Innkøyring frå vegen bort til Høddvoll. Det er etablert ein gongsti opp til skulen. Plassen er ikkje asfaltert, og vil heller ikkje bli det.
 
 Sjå skisse: ekstra parkeringsplass.pdf
 
 Vi må ha nokre køyrereglar for bruken av denne parkeringsplassen:
 1. Sidan plassen ikkje er asfaltert vert den heller ikkje merka opp. Det er difor viktig at ein parkerer på ein effektiv måte, slik at ein ikkje brukar unødig med plass.
 2. Det må ikkje parkerast slik at ferdselen inn til anleggsområdet vert hindra. Inn- og utkøyring frå riggområdet vil skje.
 3. Vert det behov for å parkere også i midten av området, må det skje slik at parkerte bilar på sidene ikkje vert hindra. I midten skal det max vere ei rekkje og den må skråstillast.
 
 Skulen disponerer dette parkeringarealet på dagtid.
 Byggegjerdet rundt anleggsområdet må aksepterast.
 
 Leiinga

Les meir

Ny vegadresse UVS

I samband med at det no er vedteke at heile vegstrekket frå rundkøyring ved Amfi og opp til krysset ved vidaregåande skal heite Holsekerdalen, har skulen fått ny vegadresse-
 Vegadressa er HOLSEKERDALEN 180

Les meir