Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

UVS er klar!

Vi er klar for å ta imot 10.klassingane som skal hospitere her hos oss komande veke!

Det er nesten slik at vi ikkje greier vente, lat no mandagen kome :)

Les meir

Abel-konkurransen nærmar seg

No er det tid for å teste matematikk-kunnskapane dine dersom du er vgs-elev!

Den årlege Abel-konkurransen går av stabelen straks, og på UVS vil del 1 av konkurransen vere torsdag 08.11 kl.11.

Nytt av året er at den er digitalisert, så vil du vere med, må du hugse PCen!

Les meir

Kontaktmøte for Vg1 og Vg2

Veke 45 (05.-09.11) og 46 (12.-16.11) er sett av til kontaktmøte på Vg1 og Vg2. 

Kontaktlærarane kjem til å sende ut brev/epost i god tid!

Vi oppfordrar alle føresette om å møte og ta seg tid til å ha ein god samtale i lag med kontaktlærar og elev. Dersom dagane ikkje passar, ta kontakt med kontaktlærar, så ordnar det seg sikkert på eit vis.

Nærare informasjon kjem over haustferien.

Les meir

Operasjon Kenya og Malaika-prosjektet nærmar seg

Akkurat no, i skrivande stund, er elevane Ida Margrete, Mari og lærar Sveinar i Kenya. Dei er der for å sjå med eigne auge korleis NSP-Aid driv fram prosjekta sine, blant anna Malaika-prosjektet som blant anna Ulstein vgs skal vere med på.

Når dei er heimattekomne, skal dei fortelje oss andre om kva dei har opplevd, slik at det å finne seg jobb den 26.oktober og få inn minst 400 kr per elev går av seg sjølv.

Les meir

Presentasjonen frå informasjonsmøtet, Vg2

finn du faktisk her, så viss du ikkje hadde høve til å vere der...

Les meir

Er du vaksen og manglar studiekompetanse i eit eller fleire fag?

Då er det lurt å ringe 71281000 og spørje etter Janne Fylsvik Rønningen. Ho har full kontroll på alt som har med vaksenopplæring på UVS å gjere.

Les meir

Viona fährt nach Deutschland diesen Sommer

For dei av lesarane som ikkje er så stødige i tysk, betyr overskrifta at Viona reiser til Tyskland i sommar.

Kvifor Viona Shera gjer det?

Les meir