Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Hugs infomøtet førstkomande onsdag!

Då er dokke som er 10.klassingar og dokke som er føresette til 10.klassingar, uansett kvar du bur i nedslagsfeltet vårt, hjartans velkomne til å høyre litt om kva Ulstein vgs kan tilby.

Det blir sjølvsagt muligheit for å stille spørsmål og å få gode svar.

Kort oppsummert:

  • onsdag 29.01
  • kl.18.30-20.00
  • på landskapet (2.etasje)
Les meir

vigo.no er open for søking til vidaregåande

6.januar opna nettstaden vigo.no. Det er der du søker for å kome inn på vidaregåande skule.

Ekstremt viktig å hugse at du må søke for kvart år!

Så er du 10.-, vg1- eller vg2-klassing, må du søke før fristen går ut mandag 2.mars.

For å søke må du ha anten MinID eller BankID.

Les meir

Er du 10.klassing eller føresett til ein 10.klassing?

Då må du setje av onsdagskvelden den 29.01.20, frå 18.30-20.00!

Då er det nemleg orienteringsmøte om vidaregåande opplæring og utdanningstilbod. Høyrest det tørt ut? Vi lovar, det er det ikkje!

I tillegg til informasjon i plenum, vert det også muleg å stille spørsmål til både elevar, lærarar og avdelingsleiarar :)

Det er trass alt framtida det er snakk om, så kom, kom!

Les meir

Vi treng ein ny konsulent

Den eine konsulenten vår vart freista av nye utfordringar, difor treng vi ein ny ☺️

Les meir

Når startar vaksenopplæringa etter jul?

Undervisninga startar opp (til vanleg tid)

  • Matematikk mandag 6.januar
  • Engelsk tirsdag 7.januar
  • Norsk onsdag 8.januar
  • Naturfag torsdag 9.januar

NB! Kurset i historie startar tirsdag 14.januar kl 18.10 NB!

Les meir

Kvalitetsarbeid må til

Etterkvart no skal elevane evaluere undervisninga til faglærarane. Dette er noko som er bestemt på fylkesnivå og det blir gjort kvart år.

Les meir

Takk til alle som tok del i Operasjon Kenya-dagen vår

Vi har ikkje heilt oversikt over kor mykje som kom inn frå UVS-elevar, men at det kjem godt med, det er sikkert og visst!

Les meir

Det er den tida på året!

Det er tid for elevundersøkinga igjen!

Det er frivillig å svare, men vi håper at flest muleg svarar godt og ærleg, slik at vi får noko å jobbe med og strekke oss etter, både her på skulen og på fylkesplan.

Informasjon om elevundersøkinga finn du her.

Les meir

Søvn!

Helsesjukepleiarane på skulen har mange saker på hjartet, Daniel til dømes er opptatt av søvn.

Les meir

Markeringa vår av Verdensdagen for Psykisk helse

Heile denne veka markerer vi Verdensdagen for psykisk helse på UVS, sidan han var midt i haustferieveka vår. 

Les meir