Den store informasjonsdagen er her!
Landskapet er i skrivande stund fullt av vg3- og nokre vg2-elevar. Dei sit knystande stille og høyrer på kva studentar har å fortelje om høgskulen eller universitetet dei går på.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Ulstein VGS > Nyheiter
Landskapet er i skrivande stund fullt av vg3- og nokre vg2-elevar. Dei sit knystande stille og høyrer på kva studentar har å fortelje om høgskulen eller universitetet dei går på.
Då er det berre å glede seg til komande tysdag, for då er det studieorienteringsdag her på UVS.
Søndag kjem 10 elevar og ein lærar frå skulen Heilige Hart på besøk til 10 elevar og ein lærar frå UVS. Dei skal vere her ei heil veke.
Neste veke og veka etter der blir det kontaktmøte for foreldre og elevar på vg1 og vg2.
Ja, eg veit at det eigentleg ikkje er logisk, men det såg slik ut...
Det er flott at Frode vaktmester fresar snøen av taket! Kvifor?
Det var summen de samla inn til Operasjon dagsverk i 2009!
Godt jobba!
Stor takk til komiteen!
Då er det på tide å ta vekk julesongane, iallfall frå heimesida.
I tillegg er det snart halvårsslutt...
Då har vi atter ein gong gått rundt juletreet i atriet.
Vi har gått i fleire ringar, vi har gått nede i atriet og vi har gått rundt "balkongen".
Vi har sunge og sunge, medan Vinjar har spelt og spelt.
Vi har hatt juledrama, høyrt juletale og sunge "Deilig er jorden". Jula er ei tid for tradisjonar, heldigvis.
Sjølve skulen kjem til å vere heime aleine heilt til 4.januar.
Det vil seie at du kjem til ei hyggeleg stemme på telefonen, men det blir berre einvegskommunikasjon, sidan det du høyrer er telefonsvararen.
Og no når riggen er vekk i Storfjorden, kjem forhåpentlegvis nettet til å vere oppe og gå også, så du må gjerne sende ein e-post.
Då har du sjansen på nyåret, for då startar Ressurssenteret opp kurset Historie.