Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Vi ynskjer å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule

Difor kallar vi inn alle VG1- og VG2-føresette til infokveld.

Føresette til VG1 er hjartans velkomne 29.08 kl.18.30, medan føresette til dei som oftast er eitt år eldre er like velkomne 6.09 kl.18.30.

Program finn du ved å klikke på linkane under her:

VG1 - https://docs.google.com/document/d/1pRIFW-tcgbuwshQXFp8NH6nsFFqrlLudbjmga7lcWVc/edit

VG2 - https://docs.google.com/document/d/1Yi1EMhE-0ytKAAVWKo9VfbO-HfFKnzIOat3kuHcj4sU/edit

Informasjon om parkering ++ finn du i dette dokumentet her.

Les meir

Nyskriven paragraf i opplæringslova

Utdanningsdirektoratet (Udir) har, med alt det fokuset som har vore på mobbing og skulemiljø dei siste åra, hatt ute på høyring og forfatta ein ny paragraf i opplæringslova - § 9a. Han omhandlar skulemiljøet og kva du kan forvente at skulen skal gjere for at elevane skal ha det trygt og godt.

Du finn god og utfyllande informasjon her.

Les meir

Er du vaksen og ikkje har fullført vidaregåande utdanning? Men vil gjerne?

Då kan du ta kontakt med Janne Fylsvik Rønningen, leiar for Ressurssenteret ved Ulstein vidaregåande skule.Ressurssenteret startar opp undervisning i veke 35 (dvs 28.08 og utover) i alle faga som gir generell studiekompetanse etter 23/5-regelen (norsk, engelsk, historie, samfunnsfag, matematikk, naturfag).Onsdag 23.august er det informasjonsmøte i auditoriet kl 18. Ta kontakt med Janne på Janne.Fylsvik.Ronningen@mrfylke.no

Les meir

Er du ny elev ved UVS eller er du mamma, pappa, bestefar, fostermor til ein ny elev her på skulen?

Då vil du kanskje ha enkel tilgang til brevet som kom i posten for litt sidan?

Der vil du også få tilgang til eit par viktige nettstadar (skolestart.mrfylke.no og ulstein.vgs.no)

Brevet i si heilheit finn du her.

Les meir

Førsteopptaket er over og elevane

får ein sms i løpet av veke 28. Det vil seie i løpet av komande veke!

Det blir spanande både for dykk og for oss! Vi gler oss til å sjå kven dei nye UVS-elevane er. Og dersom de lurte: Vi som jobbar på UVS har også nokre sommarfuglar i magen når det begynner nærme seg oppstart!

Les meir

Skal du søke høgare utdanning til hausten?

Sunnmørsposten har frå i dag og fram til onsdag eit live-senter om studiar i Ålesund og Volda. Her kan lesarane sende inn spørsmål om studium, søknadsprosessen, studentlivet, studentbolig eller liknande – og få svar fra studierettleiarar og representantar for NTNU i Ålesund og Høgskulen i Volda. I panelet sit også studentleiarar og representantar for studentsamskipnadane.

Her er sjølve linken til live-senteret.

Les meir

VIP-programmet - nytt på Ulstein vgs

I år starta vi opp VIP-programmet.

VIP? Very Important Person? Ja, det også! Men i denne samanhengen står det for "Veiledning og informasjon om psykisk helse i skolen".

Det er eit skuleprogram som er finansiert av Helsedirektoratet og eigd av Vestre Viken HF.

Om lag 130 vidaregåande skular over heile landet køyrer dette opplegget kvart år og i vinter var det altså UVS sin tur.

Les meir