Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

God plassering for tekno-gjengen

Turen til Trondheim gav ikkje det absolutt beste resultatet, førsteplassen for best design gjekk til ein annan skule, men prosjektet frå UVS kom heilt til finalen og fekk heiderleg omtale.
Slett ikkje verst!

Les meir

Trondheim, teknologi og tre kilo med last

I skrivande stund er elevane som har Teknologi og forskingslære på reisefot. Dei er på veg til Trondheim, ikkje aleine sjølvsagt, Karen lærar er med.

Les meir

Artig KOLON-framsyning

KOLON, som er teatergruppa til ungdomsorganisasjonen Juvente, besøkte UVS i dag. Stykket dei viste til årets VG1-elevar var artig, med spesielt mange gode og nokre mindre gode, men likevel morosame, ordspel :-)

Les meir

Elevombodet vårt kom på besøk

Elevombod Monica Molvær heldt eit seminar her på UVS i forrige veke.

Les meir

KOLON-framsyning i morgon, tirsdag

I morgon blir det ei framsyning på landskapet for alle vg1-elevane. Framsyninga startar kl.14 og varer i ca. ein time.
KOLON er ei undergruppe av organisasjonen Juvente. KOLON-teateret har turnert rundt omkring i Noregs land sidan 1980. Det er nye skodespel for kvart år og tema er alltid kva for nokre utfordringar ungdomar kan møte både i kvardag og fest. Målet til den omreisande gruppa og mor-organisasjonen deira er sjølvsagt å få ungdom til å utsetje bruken av alkohol.

Les meir

Marknadsføring i London

”Førre veke var to engelskklasser og ei marknadsføringsklasse frå Ulstein VGS i London på klassetur. Dette er ein tur som blir gjennomført kvart år og er som ein avslutningstur for dei som har engelsk eller marknadsføring som programfag i 3. klasse.”
Takk til Guro Stokseth og Silje U. Antonsen, sidan vi har fått låne det som stod skrive i Regionavisa i forrige veke.
Biletet har vi fått tilsendt av Jeanette K. Hansen.

Les meir

LONDON: alt vi forventa, men spesielt det vi ikkje forventa.

Helene Hovden Hareide har skrive om turen som engelskklassene hadde no i forrige veke. Snart får vi òg lese korleis marknadsføringsklassa hadde det. Det er to forskjellige turar, men med utgangspunkt i same storbyen. Klikk deg inn på "les meir", så...

Les meir

Motiverte ingeniørspirar

Vi fekk sendt over teksta som stod i Vikebladet Vestposten no forrige veke, så no får du lese om korleis ingeniørspirane hadde det i England:
Søndag 10. februar 2008 reiste 16 ungdommar frå dei vidaregåande skulane i Ulstein og Haram til England på motivasjonskurs for ingeniøryrket. Kurset er eit samarbeid mellom lokale maritime bedrifter og dei to skulane, og har til hensikt å få ungdom i kommunane til å verte interesserte i ei framtidig ingeniørutdanning.

Les meir

Vinterferien er her!

Då er faktisk vinterferien komen.
Tida flyg av garde eller kanskje kjem ho fortare enn vi trur?
Nyt neste veke uansett kva du har planar om.
Berre det å gjere noko anna enn det du gjer til vanleg er ferie i seg sjølv

Les meir

Hæ!?! Politi her på skulen?

Vi heldt nesten på å få sjokk tidleg på morgonen i dag. Plutseleg såg vi ikkje berre ein politi, men to!
Inne på skulen!
Hadde vi fått amerikanske tilstandar her på ytre søre? Men neida, det var ikkje så ille. Politifolka skulle berre freiste fleire til å gå same yrkesveg som dei.

Les meir