Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Munnleg eksamen og VG1-klasser

ST-klassene kan òg kome opp i geografi og samfunnsfag.

Les meir

Eksamen!

I dag, 29.mai, starta eksamensracet ved skulen vår. Elevane stod spenna klar og venta på at dørene skulle opnast i dag morgon. Det var det næraste fotografen kom eksamenslokalet, sidan det er strenge reglar for kven som får sleppe inn i det aller mest heilage på ein eksamensdag.
Lukke til med eksamen!

Les meir

"Kjem eg opp til eksamen, skal tru?"

Mange i atriet hadde nok den tanken i hovudet når klokka dreia seg mot 14.30, for i dag vart det klart kven som kom opp i kva for ein eksamen.

Les meir

I dag er det Tine-stafett på Høddvoll

2ID1 med Svein Ove Fylsvik i spissen er bakkemannskap og arrangør for Tine-stafetten i år. Akkurat no i skrivande stund, onsdag kl.09.55, er det sikkert hektisk aktivitet på Høddvoll.

Les meir

Tusen takk til russen '07

Takk for at de tok aktivt del i 17.mai-feiringa i år! Det er alltid kjekt å sjå russane springe, hoie og lage litt ekstra liv i toga rundt omkring i bygdene og byane våre, spesielt for dei som er litt mindre :-)

Les meir

17.mai er vi så gla' i...

Om berre to dagar skal vi feire oss sjølve og landet vårt. Dersom du kjem frå Ulstein kommune og ikkje veit heilt kva du skal gjere om morgonen denne dagen, så har vi eit forslag: Gå i tog under fana til Ulstein vidaregåande!
Er du heimehøyrande i nokon av dei andre kommunane her omkring, så e du sjølvsagt òg hjartans velkomen, men toget i heimbygda/heimbyen din blir sikkert veldig glad dersom du stiller opp der:-)
Håper alle får ein fin 17.mai og så sjåast vi igjen den 21.

Les meir

Bronsemedalje til Ingeborg

Vi vil gjerne gratulere Ingeborg Ekroll Ellingsund, 1ST3, med bronsemedaljen som ho kunne ta med heim frå NM i handball, klasse 17 år. Ho vart plukka ut til å vere med på regionlaget for trøndelagsfylka og Møre og Romsdal.
Det var visst ei spennande bronsefinale, seier rykta, og før i turneringa såg det ut til at dei kanskje skulle kome heilt til storfinalen. Ingeborg stod for 4 av måla i kampen. Gratulerer så mykje!

Les meir

Ledige stillingar

Skulen har frå hausten 2007 ledige stillingar innan realfag, norsk, samfunnsfag, økonomifag, språkfag, idrettsfag/kroppsøving og service/samferdsle/IKT-servicefag.

Les meir

Dramatisk på landskapet

Eigentleg var det ikkje så dramatisk som det høyrdest ut til, det var dramaklassa som hadde framsyning i dag. Godt jobba!!

Les meir

Ei oppleving rikare

Då handball-laget vårt endeleg vann fylkesmeisterskapen i vinter, var det duka for tur til Tigerstaden. Korleis det gjekk kan du lese meir om her ->

Les meir