Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Aksjonen "...rolig, nå" søkjer nye medarbeidarar

Hugsar du isspisingkonkurransene som vart arrangerte rundt omkring her i området? Det var det "... rolig, nå" som stod for. Kampanjen starta i mai 2006 etter initiativ frå Stortinget og er organisert frå A til Å av og med ungdom, i lag med AlkoKutt.

Les meir

Tid for ettertanke

Iallfall nærmar det seg tid for Elevundersøkinga. Elevane her på UVS vil ta denne internettbaserte miljøundersøkinga i løpet av veke 13 og 15, det vil seie rett før og rett etter påske.
Frå Utdanningsdirektoratet sine nettsider har vi saksa følgjande:

Les meir

2.plass på Fylkesmessa

Det er mange klasser ungdomsbedriftene kan konkurrere i på Fylkesmessa. Ein av dei er "Beste rekneskap". Der kom Easy Go UB på ein feiandes flott 2.plass!
Vi gratulerer så mykje!

Les meir

Vellukka FN-rollespel

Elevane møtte opp, sobert kledde, som det seg hør og bør i eit møte i Tryggingsrådet.
Sjølv om det var stilt før møtet starta, syntest vi at vi høyrde vingeslag. Det måtte vere sommarfuglvingane vi høyrde, kanskje nokre av delegatane var litt nervøse?

Les meir

Tryggingsrådet i FN låner landskapet på UVS

Du forstår nok at det ikkje er det "skikkelege" Tryggingsrådet som kjem til UVS. Det er elevar frå 2AF3, 2SA og 2ØA1 som skal ha eit rollespel torsdag denne veka.

Les meir

Fylkesmessa 2007

Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal arrangerer Fylkesmessa 2007 den 15.03.07, i Ålesund, på Rica Parken Hotell. På biletet ser vi Marte og Lisa frå 2SA ved UVS som øver til opningsarrangementet.

Les meir

Handballspelarar klar for finale

Mandag 26. og tirsdag 27. mars spelar handballgutane frå Ulstein VGS i Noregsmeisterskapet for vidaregåande skular i Oslo.
Lærar og trenar Olav Lie Gundersen har skrive dette:

Les meir

8 elevar frå UVS tok del i motivasjonskurset for ingeniøryrket

To av dei, Oda Renate Midtflø og Kristine Garshol, har skrive dagbok frå opphaldet i Leamington Spa, ein by nordvest for London. Der held organisasjonen "The Smallpeice Trust" til.

Les meir

KOLON-besøk til VG1-klassene

Førstkomande tirsdag kjem KOLON på besøk til skulen vår. KOLON er ein del av organisasjonen Juvente.

Les meir

BASISMEISTERSKAP I ULSTEINHALLEN

Siste torsdag før vinterferien vart det arrangert fylkesmeisterskap i basisdugleikar i Ulsteinhallen. Hege Holstad, faglærar i"Leiing og instruksjon",har skrive litt om det. Les berre her:

Les meir