Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter

Landslagssjefen på UVS!!!!

Ja, det er heilt sant! Åge Hareide, landslagssjefen i fotball, vitja skulen vår forrige torsdag. Her finn du litt av det Frettepålen sine to utskremte medarbeidarar, Torbjørn Hatløy og Vegard Ertesvåg, skreiv i etterkant. Resten kjem i neste Frettepålen.

Les meir

På tur til Ulsteindalen kraftstasjon

2EL1 og lærar Jens Aage Aschehoug tok turen ut i Ulsteindalen torsdag 18.januar. Kva hadde dei der å gjere, lurer du kanskje på? Temaet for turen var: "Ulsteindalen kraftstasjon, frå nedslagsfelt til Ulstein skule" og er ein del av faget med det snertne namnet "Produksjon, overføring og fordeling av elektrisk energi". Turen var ein del av eit gruppearbeid som gjekk over to veker.

Les meir

Velkomne tilbake!

Håper de alle, både elevar og personale, har hatt ei god jule- og nyttårsfeiring og at de er gira på å gjere det beste ut av kvar dag.

Les meir

Deilig er jorden,

prektig er Guds himmel,
skjønn er sjelenes pilgrimsgang!
Gjennom de fagre riker på jorden
går vi til paradis med sang.
Slik avslutta vi samlinga på landskapet. Det vart ei verdig avslutning på ein fin siste-dag-før-jul-dag.

Les meir

Sitat: "Kjekkaste juleballet på mange år!"

Dette utsagnet overhøyrde vi på personalrommet fredag. Det er ikkje den verste kommentaren ein kan ta med seg ? (Sjølvsagt utan forkleinelse for tidlegare års komitéar:-))
Tusen takk til årets komité for eit strålande gjennomført juleball!

Les meir

Treng du ein nisse?

Då er det berre å ta kontakt med russen på UVS. Dei stiller med nissekle på skulen for å reklamere for leasingselskapet "Nissen"... Eller var det ein russeknute dei ville ha???

Les meir

Framtidige elevar på besøk

Dei to siste dagane har det verkeleg myldra i gangane på UVS. Ikkje nok med at vi 650 som er på skulen til dagleg var der, det årlege ungdomsskulebesøket gjekk av stabelen denne veka.

Les meir

118.550,- til OD, så langt...

Her om dagen var nokre frå OD-komiteen i banken og sette inn pengane som var komne inn så langt.

Les meir

Årets Abel-konkurranse har starta

Første og innleiande runde i Abel-konkurransen fann stad i går, 2.november. Vel 30 av elevane ved skulen vår hadde funne vegen til landskapet.

Les meir

Da klokka klang... i Nepal

"Da klokka klang.." finn du på alt materiell for årets OD-aksjon. Det er ikkje slik at alle tolkar den songen slik vi gjer det. Då OD-komiteen ved Ulstein vidaregåande skule arrangerte Internasjonal Dag(mandag 23.okt)fekk vi lære oss kvifor.

Les meir