Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > 175 422

175 422

Det er summen som elevar jobba inn hausten 2019. Det er veldig godt jobba og STOR takk til alle som tok del.

I dag fekk vi altså besøk av Gunnar Hamnøy i ASP Aid, organisasjonen vi har samla inn pengar til på solidaritetsdagen dei siste åra.

Hamnøy overrekte det synlege beviset på dette til elevane som var med til Kenya hausten 2019; Synnøve Rabben og Robin Vedeld Kolgrov.

Elevrådet ved skulen har bestemt å også bruke solidaritetsdagen komande skuleår på å samle inn til det same prosjektet.

Pga koronaviruset planlegg ein inga reise til Kenya til hausten, men jobbar med å kanskje få til noko neste vår. Vi får håpe det ordnar seg. Mange elevar melde si interesse for turen komande haust og skulen håper at nokre av desse kan få reise til våren.

F.v. Synnøve Rabben, Robin Vedeld Kolgrov og Gunnar Hamnøy

Foto: Margaret rektor