Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > 250 000 kr til utdeling

250 000 kr til utdeling

1.april er fristen for å søke på fylket sine ungdomsmidlar. Ungdomspanelet i fylket vårt deler kvart år ut 250 000kr til gode ungdomstiltak! For å få fatt i nokre av dei må du søke, ingen får noko utan å  sende inn søknad :)

Lenke til fylket sine sider om ungdomsmidlane

Vi klipper frå nettsida:

-Vi oppfordrar alle til å søke på ungdomsmidlane. Der ei fantastisk ordning som absolutt alle som kan, bør benytte seg av, seier Hedda Haugen, som er leiar av Ungdomspanelet.

Held du på med noko som du treng økonomisk støtte til? Treng du pengar til utstyr til ungdomsklubben, paintballbane eller noko heilt anna? Før 1. april kan du søke om støtte frå ungdomsmidlane.

Dei siste åra har ungdomspanelet mellom anna delt ut pengar til nytt utstyr til ein håndarbeidsrom, bordtennisbord og musikkutstyr. Teateroppsetjing, produksjonsstudio for ungdom, samt ladestasjon for el-syklar har også fått støtte.