Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > 2ID2 snart i mål med sykkelløp

2ID2 snart i mål med sykkelløp

VG2-klassene på idrettsfag skal ein gong i løpet av skuleåret arrangere og avvikle eit meisterskap eller eit løp eller noko heilt anna.

2ID2 har samarbeidd med Ulstein og Omegn Sykkelklubb om å arrangere gateløpet under Ulstein Nordea-rittet. Gateløpet fyl den same runda som rittet startar med, ei runde gjennom sentrum med start og mål ovanfor Quality Ulstein Hotell.

Det er nok ikkje berre berre å arrangere noko slikt, så det blir spanande å høyre kva elevane synest etter vel gjennomført arrangement.

Med ein svært aktiv og lovande Martin syklist i klassa må det passe fint å vere med på eit slikt arrangement.¨

Kven veit, kanskje blir det fleire syklistar til idrettsfag på UVS etter dette?