Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > 3ID1 på tur i Tafjordfjella

3ID1 på tur i Tafjordfjella

Her kjem ein liten rapport frå 3ID1 om turen dei hadde i Tafjordfjella:
Allereie veka i forveien var det meldt snø! Men så tøffe som idrettselevane er, var det ingen hindring for oss. Ein liten ”gal” del av 3ID1 bestemte seg for å bade alle 3 dagane uansett ver.

Sjå fleire bilete her

Dag 1: Etter 3 timars gange ifrå kabben til Vakkerstølen med snøen faretruande nær, var det tid for bading.

Dag 2: Etter nesten 6 timars gange i opptil 50 cm snø og vindkast som hadde skremt folk flest var den ” galnaste” gjengen redusert til 3. (PS! Andre bada seinare) '

Då var det klart for å ta på bikini og shorts og komme seg ut i snøstormen og hive seg på vatnet.

Dag 3. Denne dagen starta med strålande sol og ingen vind! Uvant.

Mang ein idrettselev blei brent av den sterke sola.

Etter ankomst Reindalsetra kom regnet og det var på tide å finne frem badetøyet igjen.

- 3ID1 -