Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > 8 elevar frå UVS tok del i motivasjonskurset for ingeniøryrket

8 elevar frå UVS tok del i motivasjonskurset for ingeniøryrket

To av dei, Oda Renate Midtflø og Kristine Garshol, har skrive dagbok frå opphaldet i Leamington Spa, ein by nordvest for London. Der held organisasjonen "The Smallpeice Trust" til.

Denne organisasjonen står for undervisninga både her i landet og i England i lag med tilsette frå Rolls Royce, Aker Yards, Ulstein verft, UVS og Haram vidaregåande skule.

Les kva nokre av medelevane dine har opplevd i vinterferien:

Søndag 18.02

Etter 3 månadar med nedtelling var alt klart. Koffertane var pakka og vi stod på Vigra. Etter mange timars reising kunne vi endeleg sjekke inn på Angel Hotell i Leamington Spa. Det var eit flott hotell sjølv om nokre av oss var litt uheldige med dørene sine.

Mandag 19.02

I dag byrja endeleg den skikkelege delen av kurset. Vi brukte dagen på å arbeide i grupper og finne ut mest mogeleg om dei ulike greinene innanfor ingeniøryrket. Seinare på dagen var vi på Warwick Castle. Der blei det leika ”Redde-prinsesse-Leiken” med både sverd, pilar og bogar. Det heile blei så klart festa på film!!! Då vi kom tilbake til hotellet gjekk dei fleste ut for å sjå på byen.

Tirsdag 20.02

Tirsdag lærte vi korleis vi skal bli gode prosjekt-leiarar. Oppgåva var å planlegge korleis vi skulle lage ein hage. Dette høyrest kanskje enkelt ut. Men når du har begrensa med folk, reglar for kva som må gjerast først og reglar for kva som kan og ikkje kan gjerast samtidig er det ikkje så lett allikevel. Som vanlig arbeidde vi i grupper og alle hadde kvar si arbeidsoppgåve. Dei fleste synast dette var svært lærerikt.

Tirsdagskvelden var det klart for fotballkamp. På Ricoh Stadium skulle heimelaget Coventry ta i mot Southampton med norske Claus Lundekvam på laget. Vi satt på andre rad på langsida midt mellom dei mest engasjerte Coventry-supporterane på heile stadion. Og då Coventry, som ligg langt under Southampton på tabellen, scora først og enda opp med å vinne 2-1 blei alle rundt oss heilt ekstatiske og hoppa og dansa rundt som apekattar i vill natur. Det heile var ganske stort for oss også, sjølv om vi ikkje kjende noko særleg til laga frå før. Stemninga var unik!

Onsdag 21.02

Onsdag hadde vi eit byggeprosjekt. Vi skulle lage bilar som skulle køyre opp og ned ein bakke. Kvar gruppe måtte velge kva type gir dei skulle ha, korleis designen skulle vere, og kvar motoren skulle vere plassert. På slutten av dagen skulle bilane testast. Opp og ned bakken på kortast mogeleg tid. Alle bilane fungerte, men det blei ein klar vinnar til slutt!

Onsdag var vi også på tur til Shakespeare sin fødeby Stratford-Upon-Avon. Nokre av oss var innom huset til Shakespeare. Til slutt enda alle opp med å gå rundt i byen og det er vel trygt å seie at vi reiste heim med litt mindre pengar enn vi hadde då vi kom dit…

Torsdag 22.02

Torsdagen starta med eit nytt byggeprosjekt. Denne gongen var det miljøvenlege vindmøller som var oppgåva. Vindmøllene skulle ha ein generator og generere mest mogeleg straum. På dette prosjektet måtte vi ta hensyn til kostnadane. Ein del av oppgåva var å rekne ut kor mykje det kosta å lage vindmølla. Vi fekk utdelt ei liste med alle moglege material og kva det kosta å bruke dei ulike materiala. Dette var eit stort prosjekt og testinga skulle vi ikkje gjere før fredag.

Det vi gjorde i staden på torsdag ettermiddag, var å besøke ein Jaguar-fabrikk. Der blei vi først delt i to grupper, fråtatt alle kamera og telefonar og deretter vist rundt på området. Eit av dei store høgdepunkta på omvisninga var å sjå rommet der dei testar lyden frå bilen. Dette blir gjort i eit ekko-fritt rom. Det kan sikkert seiast mykje om ulike bilar, men lyden frå ein Jaguar kan ingen klage på. Då vi venta på bussen fekk vi tillatelse til å ha ein liten foto-session i resepsjonen. Der var det nemlig utstilt ein forholdsvis kjempelekker Jaguar XJ.

Fredag 23.02

Om morgonen var det klart for testing av vindmøllene. Vi blei bedømte på grunnlag av kva for ei vindmølle som laga mest straum, kva den kosta og om den såg fin ut. Etter litt prøving å forbetring fungerte også alle vindmøllene. Men også denne gongen var det ein klar vinnar som skilte seg ut frå dei andre, både innanfor straum, pris og utsjånad. Som avslutning laga kvar gruppe ein kort presentasjon av opplevingane vi hadde hatt gjennom veka og kva vi likte med kurset. Dette presenterte vi for dei andre gruppene.

Om kvelden skulle vi igjen til Stratford-Upon-Avon. Denne gongen var det teater som stod på menyen, eit Shakespeare-stykke. Det heitte Coriolanus og var heilt ukjent for alle. Det var uansett ei utruleg stemning på teateret.

Laurdag 24.02

Klokka 06.00 reiste vi frå Leamington Spa. Det hadde vore ei flott veke med mange kjekke og lærerike opplevingar. Koffertane var litt tyngre, og lommebøkene litt lettare. Og hovuda var fullstappa med positive tankar om ingeniøryrket. Det var ei aldeles strålande oppleving, og vi kan alle anbefale dette til alle som får denne moglegheita. Ta sjansen og søk, det var verdt det!!!

Oda Renate Midtflø og Kristine Garshol