Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Abel-konkurranse på UVS

Abel-konkurranse på UVS

Neste torsdag, 6.november, er det tid for den årlege Abel-konkurransen. Kva det er?

Det er ei nasjonal konkurranse innan matematikkfaget. Det er tre runder, der den første altså er no neste torsdag. Dei to neste datoane er 22.januar og 12.mars 2009.

Etter den første konkurransen i 1921 har både deltakartal og konkurransemåte svinga, men som det står på nettsida www.abelkonkurransen.no:

  • Der er to uttakingsrunder og ei finale.
  • I første runde får deltakarane 20 oppgaver, kvar med fem svaralternativ. Disse må løysast i løpet av 100 minutt. Det blir gitt fem poeng for kvart rette svar, eitt poeng for kvar uløyste oppgave, og ingen poeng for kvart gale svar. Dersom ein berre tippar, blir det forventa at ein får same poengsum som om ein svarer blankt (20 poeng). Maksimal poengsum er 100.
  • Dei beste 10% av deltakarane går videre til andre runde. Her er det 10 oppgaver, og svaret på hver oppgave er eit heiltal (0-999). Tidsavgrensinga er også her 100 minutt. Det blir gitt 10 poeng for kvart rette svar, så maksimal poengsum blir 100.
  • Resultata fra dei innleiande rundene blir summerte, og de beste 20, og kanskje nokre til, blir invitert til finalen.
  • Det må vere minst 16 elever i finalen som er kvalifiserbare til IMO (den internasjonale matematikkolympiaden).
  • I finalen får deltakarane fire timar på å løyse fire oppgåver. Ikkje berre skal kandidatane finne rett svar, dei skal også begrunne/bevise det dei har gjort.

Dersom du synest dette høyrest spennandes ut og at Abel-konkurransen er noko du vil prøve deg på, må du altså møte opp på landskapet torsdag 6.november kl.12.45.