Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Abel-stiftinga har delt ut diplom

Abel-stiftinga har delt ut diplom

Heile 4010 elevar tok del i Abel-konkurransen, altså Niels Henrik Abels matematikkonkurranse. På skulen her var det 13 stk som undra, grubla og tenkte seg gjennom 1.runde.

Av dei var det fire stk som har fått lyst diplom, noko som tilseier at dei er blant dei 1412 beste deltakarane. Dette er Kristoffer Yksnøy (vg3), Ørjan Frøystad (vg2), Anders Oksavik (vg1) og John Haddal Mork (vg3).

To karar gjekk vidare til 2.runde og har no fått mørkt diplom, noko som tilseier at dei er blant dei 423 beste. Dette er Joachim Brandal Tranvåg (vg2) og Erlend Oksavik (vg1).

Fagrettleiar Bjørnar gler seg allereie til hausten, for då er det ny konkurranse og nye moglegheiter.

Dersom du lurer på korleis oppgåvene er og du har lyst til å gjere noko som er både fornuftig og kjekt i sommarferien, kan du gå inn på http://abelkonkurransen.no .

Men kvar er jentene?