Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Basismeisterskapen 2008

Basismeisterskapen 2008

Jada, det er ei stund sidan basismeisterskapen vart arrangert i Ulsteinhallen, men betre seint enn aldri?

2ID2 stod som arrangørar i år. Det var rekordstor deltaking i år og første gongen med deltakarar frå Nordmøre. Men det var heller lita deltaking frå dei heilt lokale skulane, men Hareid ungdomsskule stilte med to deltakarar.

Meisterskapen gjekk knirkefritt for seg og UVS hadde ein elev med i finalen, Erlend Hasund Thorseth.

Men vinnarane kom frå heilt andre stadar: Jakob Hauge Moe og Marita Rustad Martinsen frå Sæbø og Åfarnes. Dei fekk heider og ære, gåvekort frå krinsen og plass i landsfinalen. Han går av stabelen i Bø i Telemark 25.-26.september. Lukke til!

(Arrangørklassa hadde forresten ordna sponsormidlar frå Tine og idrettskrinsen:)