Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Belgiarar på besøk

Belgiarar på besøk

Søndag kjem 10 elevar og ein lærar frå skulen Heilige Hart på besøk til 10 elevar og ein lærar frå UVS. Dei skal vere her ei heil veke.

I løpet av denne veka skal dei belgiske og dei norske elevane jobbe med eit internasjonalt prosjekt som omhandlar miljøvenleg teknologi, med tittelen "The impact of new technologies on the environment".

Gruppa med norske og belgiske elevar skal besøke:

- Tussa for å sjå nærare på vasskraftverk.

- Jets med deira verdsleiande miljøteknologi.

- Runde miljøsenter, sidan det er bygd med og inneheld det nyaste innan miljøvenleg teknologi. Der vil gruppa òg få med seg eit foredrag om blant anna vindkraft og bølgjekraft.

- Ulstein verft, som har mange interessante tankar rundt temaet.

Etter skuletid skal dei lære å kjenne norsk kultur, mattradisjonar og natur, kose seg og bli betre kjende.

I mars reiser UVS-gjengen til Belgia for å jobbe meir med prosjekt og lære mykje om belgisk kultur.

Akkurat i denne situasjonen skulle eg ønskje at eg var 17 igjen... Tenk å få vere med på noko slikt!