Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Da klokka klang... i Nepal

Da klokka klang... i Nepal

"Da klokka klang.." finn du på alt materiell for årets OD-aksjon. Det er ikkje slik at alle tolkar den songen slik vi gjer det. Då OD-komiteen ved Ulstein vidaregåande skule arrangerte Internasjonal Dag(mandag 23.okt)fekk vi lære oss kvifor.

Bilete frå dagen finn du her

Skuleelevar i Nepal har fram til no like gjerne sprunge frå regjeringssoldatar og maoistgeriljaen som for å rekke skulen. Ein nepalsk skulekvardag er ikkje som ein norsk skulekvardag. Den første delen av mandagen gjekk elevane klassevis frå film til oppgåve til leik til oppgåve. Årets OD-film var ein av dei betre, etter det vi kunne høyre i gangane etterpå.

Poenget med leikane og oppgåvene var å vise elevane at verda er urettferdig, at godene ikkje er likt fordelt, at ressursane ikkje er likt fordelt. Det er alltid ein viss fare for at slik aktivitet blir ei sovepute, men kanskje fekk iallfall nokre av elevane ei kjensle av å ha oppdaga noko nytt. Kanskje såg nokre av dei noko dei ikkje hadde tenkt over før.

Etter matpausen fekk skulen besøk, heilt frå Nepal. Badri hadde med seg Hanna tolk til skulen og heldt eit innhaldsrikt og lærerikt foredrag om prosjektet "Skuddsikre skoler". Mange fekk opp augene for kva det eigentleg er vi skal jobbe for no på sjølve OD-dagen.

Elles var Karl-Fredrik Velle og Linn Therese Sævik flinke programleiarar, medan bandet Deep Frozen spelte fletta av sjølv dei utan hår. Sølve Styve Sæbø og Camilla Grimstad hadde ein vakker duett i lag med bandet Oss Fem. Vel blåst!