Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Den store informasjonsdagen er her!

Den store informasjonsdagen er her!

Landskapet er i skrivande stund fullt av vg3- og nokre vg2-elevar. Dei sit knystande stille og høyrer på kva studentar har å fortelje om høgskulen eller universitetet dei går på.

Etter at matpakken har fått bein å gå på, skal elevane plukke frå øvste hylle. Då er høgskulane, universiteta og Forsvaret plassert på ulike klasserom, så då er det berre å oppsøkje dei ein treng informasjon om.

Tida går fortare enn ein trur og plutseleg er søknadsfristen i morgon… Bruk tida godt framover!