Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Dersom du er tiandeklassing eller føresett til ein tiandeklassing...

Dersom du er tiandeklassing eller føresett til ein tiandeklassing...

Då må du lese meir her! Du har sikkert fått invitasjonen i posten og vi reknar berre med at du har lagt inn dato og klokkeslett for informasjonsmøtet allereie.

heim-skule

Mandag 18.januar er det orienteringsmøte om vidaregåande opplæring og utdanningstilbod for tiandeklassingar og deira føresette her på UVS. Dette gjeld tilbodet ved både Ulstein og Herøy vidaregåande skular.

Det varer frå kl.18.30 til 20.00.

Det blir først ein orientering om vgs og ulike utdanningstilbod, deretter vert det opna for å snakke med avdelingsleiarar og/eller faglærarar for meir utfyllande informasjon.

Tirsdag 19.januar vil same informasjonen bli gitt på Herøy vgs til same klokkeslett.

Så møt opp på det orienteringsmøtet som passar best, anten det no er eller der. Det viktigaste er at du møter opp!