Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Eit nytt år - snart skal det søkast universitet og høgskule

Eit nytt år - snart skal det søkast universitet og høgskule

Vg3-elevane våre skal snart ut i den store verda. Kanskje skal dei gå på folkehøgskule, kanskje skal dei i militæret, kanskje skal dei jobbe og kanskje skal dei rett vidare på eitt eller anna studium.

Du er så heldig at du har ein slik elev i hus? Vit då berre at på fredag vil dei forhåpentlegvis vere litt tryggare i vala sine. Eller så er dei enno meir forvirra. Begge deler kan skje. Men all erfaring tilseier at ungdommane landar på noko til slutt!

No på fredag er det iallfall Høyskoleturneen! Vanlegvis er dette eit stort opplegg fysisk på skulen, men i år blir det ikkje som vanleg. I år blir det digitalt. Elevane har fått informasjon på Teams (i rådgjevar-kanalen der) med forskjellige linkar til forskjellige presentasjonar og skular.

Som eit ledd i yrkes- og utdanningrettleinga deltok Vg3-elevane på dei digitale Utdanningsdagane i Volda, no er det Høyskoleturneen 8. januar, og 8 februar er det universiteta sin tur.

Vi vil oppmode både elevar og dei vaksne rundt elevane å snakke om yrkesval, interesser, "hjartebarn" og det å gå eigne vegar no framover.