Farandes fant
Tenk kor kjedeleg det hadde vorte dersom vi berre skulle turnere rundt vår eigen akse heile tida? Utan å møte andre folk, andre kulturar, smake andre matrettar, snuse inn andre lukter enn dei vi omgir oss med heime?
Denne veka er 3ID1 og 3ID2 i Torremolinos, Spania, på treningsleir. Dei har det forhåpentlegvis varmare enn oss her heime.
Neste veke skal dei VG3-elevane som har samfunnsfagleg engelsk til London.
Og i vinterferieveka skal dei 8 elevane som var på 1.delen av motivasjonskurs for ingeniørspirar i haust, vere med på 2.del i England, nærare bestemt i Leamington Spa. Der held Smallpeice Trust til, som er den engelske delen av samarbeidsklynga. I den norske delen finn du STX, Ulstein verft og Rolls Royce Marine.
God tur!
Oppdatert: 09.02.09