Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Feliz Navidad! Frohe Weinachten! Joyeux Noel! Merry Christmas! God Jul!

Feliz Navidad! Frohe Weinachten! Joyeux Noel! Merry Christmas! God Jul!

Jajamensann! Då er det verkeleg juleferie...
Det som har vore ekstra flott med It'sLearning i det siste er at juleaftan har kome nærare og nærare toppen av kalendaren når du klikkar deg inn:-)

Tradisjonen tru var det samling i basisgruppene først, før det var gang rundt juletreet og høgtidsam avslutning på landskapet.

Det er alltid like fascinerande å sjå elevane sitje stille som mus, det er tydeleg at vi menneska har ein hang til tradisjonar og ritual.

Men før vi tok fatt på sjølve avslutninga, hadde vi eitt minutts stillheit for dei 4 ungdommane som ikkje lenger er blant oss.

Ei ad hoc-dramagruppe, under leiing av Dagfinn Olav Bye, hadde øvd inn eit flott program med både song, dikt og dans.

3 vg2-elevar song ei av dei nyare julevisene før rektor Jan avslutta det heile med velvalde ord.

Så kom Deilig er jorden... Vakkert og vemodig, spesielt denne jula...