Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Flinke handballspelarar

Flinke handballspelarar

I dag var det handballturnering for vidaregåande skular i Kristiansund med 11 jentelag og 9 gutelag. UVS tok del med eitt av kvar.

Jentene gjorde ein god innsats, men tapte knepent med to mål mot Volda og tre mål mot Stranda.
Gutane knuste Volda 8-1 og slo Ålesund 8-7. Dermed var dei i semifinalen! Der tapte dei mot eit knallgodt Molde-lag 11-8. Men gutane våre leia kampen til det var 6 minutt igjen. Det var berre akkurat litt for knapt til å kome til finalen.

Godt jobba, folkens!

(Der var lag frå Atlanten, Fagerlia, Fræna, Kristiansund, Molde, Romsdal, Spjelkavik, Stranda, Ulstein, Volda, Ørsta og Ålesund vgs.)