Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Forhåpentlegvis blir det betring av busstilbodet...

Forhåpentlegvis blir det betring av busstilbodet...

Dei fire skulane her i regionen har sendt brev til Søre Sunnmøre Regionråd der dei ber om at bussrutetilbodet vert sett på dagsorden.

Og i dag kunne vi høyre reaksjonar på busstilbodet i lokalradioen, med mange kjende stemmer. Vi hadde vel alle trudd at det skulle bli "fole" enkelt å kome seg til og frå Ørsta og Volda, sjølv med buss, etter at Eiksundsambandet opna. Der tok vi feil... Med bil er det enkelt! Men med buss? Det er mest som ein ond sirkel, busselskapa set ikkje opp fleire bussar fordi passasjergrunnlaget er for lite, visstnok, og dei som eventuelt kunne tenkje seg å bruke bussen meir, brukar han ikkje fordi han aldri går når dei treng han.

Sett utanfrå høyrest det ut som om dei som er avhengig av bussen, i verste fall kastar vekk fleire timar på transport i veka enn det som burde vere naudsynt.

Men kanskje blir det betre no? Lat oss håpe at rektorane har gjennomslagskraft i denne saka. Fritt skuleval bør vere fritt og iallfall ikkje vere avhengig av busstilbodet.