Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Framtidas ingeniørar på kurs

Framtidas ingeniørar på kurs

8 av elevane våre, eller medelevane dine, er på 4-dagars kurs denne veka. Dei er plukka ut i lag med 8 elevar frå Haram.

Dei skal bli motiverte til å jobbe intenst for å bli ingeniør. Aller helst vil vi (på UVS, i tillegg til Haram vgs, Rolls-Royce og Ulstein) at dei skal ta utdanning og kome attende til regionen her. Det gjeld forsåvidt ikkje berre desse 8, det gjeld eigentleg for alle elevane våre:-)

Seinare i skuleåret skal dei til utlandet og besøke bedriftene der.