Handballturnering i full gang
Tidleg, tidleg i dag morgon reiste dei heldige utvalde til Molde. Kva for nokre heldige utvalde? Dei som kom med på handballaga til UVS, vel!
Uttaket var for nokre veker sidan og i dag er det fylkesmeisterskap i Molde. Alle dei vidaregåande skulane i fylket er inviterte til å ta del.
Det er Håndballforbundet sitt initiativ, og det er kvar sin gong å arrangere det.
Gutelaget skal spele 6 kampar ( blant anna mot Ålesund vgs, Fagerlia, Atlanten og Molde vgs), der vinnaren av gruppa vinn turneringa.
Jentene spelar 5 innleiande kampar mot blant anna Fræna, Romsdal, Volda og Fagerlia. Vinnaren av denne gruppa spelar finale mot vinnaren i den andre gruppa.
Så då håpar vi at det har gått rette vegen med både karane og tausene:-)
Korleis det gjekk får du vite i morgon.
Oppdatert: 17.02.09