Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Hurra! Vi kan tilby noko nytt frå hausten av!

Hurra! Vi kan tilby noko nytt frå hausten av!

Frå og med skuleåret 2020/2021 vil vi gje tilbod om den yrkesfaglege linja Informasjonsteknologi og medieproduksjon. 

Det er eit toårig løp der elevane kan gå ut som lærling etter Vg2 eller gå vidare på påbygg Vg3. 

Informasjonsteknologi og medieproduksjon er ei yrkesfagleg linje for deg som ønskjer å arbeide med IT-drift eller IT-utvikling. Trivst du med datamaskiner og andre digitale verktøy når du skal løyse både kreative og praktiske oppgåver, kan linja vere noko for deg.