Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Ivrige deltakarar på Monsiaden

Ivrige deltakarar på Monsiaden

Alle dei fire elevane i 1TL1 ved UVS, Linn Skorpen, John Iver Håndlykken, Stian Høydal og Vidar Andersen, tok del i Monsiaden som gjekk av stabelen 30.mai i Vanylven kommune, nærare bestemt på Eidsåvoll. Der hadde dei det heilt topp rett og slett!

Det å vere med på Monsiaden er noko elevane våre gler seg til i lengre tid. For nokre var det det å få danse som var mest gledesfremjande. Etter vel gjennomført dyst er det nemleg tid for god mat og drikke, med påfølgjande konsert med voldagruppa Merkesteinane. Då kan ein danse, veit du!

Fotografiapparatet vart flittig brukt, for til hausten og i starten av det nye skuleåret skal bilda og stemninga frå Monsiaden 2007 omskapast til prosjekthefte. Det blir det spennande å sjå!

TL-elevane våre tok aktivt del både i aktivitetsløypa og i friidrett. Dessutan tok dei del i idrettsglede og gjensynsglede:-)

Årets Monsiade var den 12.i rekka og i år var det 125 påmelde. Med støtteapparat var dei totalt ca.220. (Monsiaden heiter Monsiaden fordi det var"gamallensmann" Mons Sandnes som starta det heile.)