Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > "Kjærlighetens valg"

"Kjærlighetens valg"

Det er tittelen på ein interessant dokumentar som Eirik Andreas Sandaker har laga. Både han og ein av dei vi treff i dokumentaren, forfattaren Tor Fretheim, har vore på UVS denne veka.

Dei kom som ein del av Den kulturelle skulesekken. Temaet i dokumentaren er forholdet mellom islam og homofili. Vi fekk møte den første opne homofile muslimen i Noreg, Kaltham Alexander Lie, og fekk høyre korleis han blir møtt og kva opplevingar han har hatt både her og i heimlandet sitt.

Då heimesida var med, var det heilt stilt inne på auditoriet medan filmen rulla og gjekk. Då filmen var slutt, var det lagt opp til samtale mellom forfattaren og filmskaparen, der vi som sat i auditoriet kunne stille spørsmål innimellom.

Det var ein seanse som opna for tankar og nye måtar å sjå ting på.