Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Kom attende inspirerte og engasjerte

Kom attende inspirerte og engasjerte

Både Linn-Eli Kopperstad og Hege Jørandli Flakk er svært nøgde med opphaldet i Tyskland, på Tysk-Norsk Ungdomsforum.

Det var to dagar proppfulle med program og verken Hege eller Linn-Eli kan gi oss nokre inntrykk av byen dei var i, Essen. Grunnen til det er at dei anten var på hotellet og sov eller så var dei på konferansesenteret og jobba.

Dei to søkte om å få vere med, sidan dei såg det som ei fin moglegheit til å gjere noko anna. I tillegg var det sjølvsagt kjekt å møte både norske og tyske ungdommar og lære om miljøet og utfordringane der.

-Det er tette forretningsband mellom Tyskland og Noreg, difor var det òg interessant utifrå jobbsituasjon seinare i livet, seier dei to.

Ein morgon stod jobbar på dagsordenen, då kunne delegatane sirkulere rundt blant standar med ymse moglege jobbar innanfor det tysk-norske samarbeidet.

Alt gjekk på tysk, men foredraga vart tolka til norsk, i tillegg til at dei norske fekk hjelp av ungdommar som hadde vore utvekslingselevar. Du kan vel tenkje deg kor mykje tysk dei norske ungdommane fekk med seg berre i løpet av to dagar! Begge jentene fortel at dei datt litt av lasset til å begynne med, men at det gjekk fort å kome seg opp på igjen.

Før dei reiste ned, måtte dei velje ein ”workshop” å vere med på og begge to tok media, der dei var med på å lage ei seminaravis. Hege og Linn-Eli intervjua ei som jobba i Tysk-Norsk Selskap si ungdomsavdeling, medan andre til dømes skreiv om dei miljømessige tiltaka som konferansesenteret hadde tatt i bruk frå dag 1.

Hege kan kanskje tenkje seg eit år i Tyskland for å studere eit eller anna, Linn-Eli er ikkje heilt sikker, men begge to er klare på at dette opplegget er noko å satse på.

Begge var samde om at det hadde vore ein fin tur.